Om å gå på ein KJEMPESMELL

Har du kjent tarmane RIVE, ungane HYLE og temperaturen STIGE i takt med at blodsukkeret DALAR? Då er du garantert svært nær ein ernæringsmessig kjempesmell. Me har alle vore der og det vil skje igjen. På denne bloggen vil me bearbeide kjempesmellane, til inspirasjon eller skrekk for andre.

onsdag 13. juni 2012

Ein deilig variant av Tom Kha Gai-suppe

Lenge sidan siste innlegg, men no er det tid for å dele ei utsøkt oppskrift på ei delikatesse frå Thailand. Denne har eg prøvd ut på store og små - med suksess!

Du treng kanskje litt spesielle ingrediensar, men det gjer ingenting. Eg handla inn og laga suppa kvar dag i ei veke. Minst.

Til to voksne og to kids treng du:

2 kyllingfiletar
3 boksar kokosmjølk
1 terning kyllingbuljong
Grønn eller raud karri
1 fedd kvitlauk
1 lauk gjerne vårlauk
1 middels chili
1 ss ingefær
1 gulrot
2-3 champignon
2-3 asparges (kanskje mest til pynt)
Koriander
Lime

Strimle kyllingkjøtet og brun det lett på steikepanna. Finhakk lauk, kvitlauk og chili. Skjær gulrot i tynne skiver, aspargesen i passelege lengder og champignonen slik du vil ha den. Varm opp KUN det tjukke i kokosmjølka. Ha i buljongen og la den koke inn før du tek oppi grønnsakene. Eg likar å koke den minst 10 min for å få alle smakane til å sette seg godt. Ha oppi kyllingkjøtet og la det putre nokre minutt til. Så kjem den valfrie delen; hakk opp koriander og strø over og del limen i fine skiver og legg oppi suppa. Eg likar ikkje så godt koriander så eg droppar det, men lime er digg.


Deilig med ein lett kvitvin til, men det har eg ikkje peiling på så det får du bestemme sjølv!

søndag 11. mars 2012

Liksomgode lågkarbo-bollar

Lot meg inspirere av fotballfrua som hadde laga DEI gode lågkarbo-bollane, -såg det ut som i alle fall! Eg måtte jo prøve. Diettmat appellerar jo til meg, sjølv om eg var veldig skeptisk til smak og konsistens. I mine auge er mjøl uerstatteleg. Men enkel oppskrift var det, særleg då eg hadde omtrent alle ingrediensane i hus.

I særdeles negativ ånd halverte eg oppskrifta.

40 gram mandelmjøl
1 egg
2 ss kardemomme
2 ss lettrømme (kan òg bruke kesam)
3 ss sukrin
ei klype salt
ei stor ss bondesmør (mjukt eller smelta)
1 ts bakepulver
2 ss fiberhusk
1 ss kremfløyte

(Beklagar dårlege bilete, men dei er tatt med min HEILT nye mobil!)



Konsistens som ei fast røre, kanskje som kjeks. Skeptisk.



Pisk eggedosis av egg og sukrin før du har i resten av ingrediensane. La deiga stå i 15 min før du bakar ut bollane.

Valgte å legge til ein ekstra ingrediens for å sikre meg smaksglede...




Steiking i 15 min ca. på 180 grader.



Tja... Faktisk ganske gode! Og ca. 6 gram karbohydrat tilsaman. Altså kan du ete alle bollane på ein gong! Som sagt så gjort...


mandag 27. februar 2012

Kyllingsalat med serranoskinke og aioli



Så har me nesten streka februar og er framleis på grøntfôret! Vel og merke med eit kalorinedslag i form av aioli. La gå. Det er berre så godt at me let det passere. Og alt du treng har du sikkert i kjøleskåpet frå før, i tillegg til at det er rom for eksperimentering.

Hakk opp isbergsalat og litt paprika.
Har du ein neve med vanløtter? Køyr på!
Finhakka raudlauk etter ynskje.
Litt oppriven serranoskinke.
Strimla kyllingfilet som du steiker.
Ein god dose aioli eller Mills Hvitløksmajones.
Bland alt og server gjerne med brød og rikeleg smør til.

søndag 22. januar 2012

Søndagsfrukost-SMELL!


Du vaknar ein søndags morgon og tenker fylgjande (det har du forresten tenkt at du skal tenke på heile veka):
  • Nytrekt kaffi
  • God tid
  • Bergens Tidende
  • Lang frukost
  • Endå litt til frukost
  • Litt meir avis
  • Litt internett
  • Og endå litt meir frukost...
Du står opp. Trekker kaffi. Hentar inn dagens avis. Og opnar knekkebrødboksen (for det er knekkebrød du vil ha i dag).

IIIIK!!


Knekkebrødboksen er så godt som tom. Du har gløymt knekkebrødfrotsinga som skjedde natt til laurdag etter ein triveleg tur på byn... S M E L L !

Men det er søndag. Du har heldigvis god tid og ingrediensar til å redde dagen:



Nye knekkebrød på veg. Du set deg godt tilrette ved dataen for å nyte facebook, riksaviser og ein avslappande kopp kaffi. -Til det begynner å lukte MISTENKELEG på kjøkkenet!

Nesten SVIDDE knekkebrød! FML!


Men no er du så svolten og klar for frukost at at du berre må tenke veldig postitivt! Det er då redninga er så enkelt som godt pålegg. Ein GOD dose leverpostei med eit fint lag pesto kan redde eit kvart trasig knekkebrød. Prøv! Garantert suksess!


    For å unngå denne søndagssmellen kan det vere lurt å

    A) sjekke knekkebrødboksen dagen før slik at du kan førebu det mentalt på å ete ein anna frukost

    B) Bake knekkebrød når du har tid, for det tek ikkje lang tid og gjer seg nesten sjølv (men du må fylgje litt med, då!)

    Her er oppskrifta på mine normalt sett vidunderlege knekkebrød som eg (for tida) er avhengig av:

    2,5 dl sesamfrø
    2,5 dl linfrø
    2,5 dl solsikkefrø
    2,5 dl graskarkjerner
    2,5 dl havregryn
    2,5 dl havrekli
    2,5 dl rugmjøl
    5 dl kruskakli
    1 ts salt
    8 dl vatn

    Rør alle ingrediensane saman og smør dei ut på eit bakebrett. Det er lurt å smøre med ein sleikepott som du dyppar i vatn. Då heng ikkje deiga/røra fast og det er lett å legge eit jamnt lag utover brettet.

    Steiker du med varmluft kan du ha begge bretta inni samtidig.
    Steik på ca. 150 grader i 30- 40 min. Luft ovnen av og til for å sleppe ut fukt.

    Skru av omnen og la knekkebrøda stå med halvopa dør ei stund.

    Eg likar å knekke opp heile flata med knekkebrød etter dei er ferdig steikt, men ein kan dele dei opp med ein pizzaskjærar etter 15 min i omnen. Då får dei fine, beine kantar.


    onsdag 11. januar 2012

    Hekta på brødbaking


    Ja det går an, sjølv med ein hektisk kvardag. Sjølv om det går eit brød til niste og frukost.
    Har du høyrd om no knead bread? Du kan lage all slags bakst etter dette prinsippet.
    Til fest lagar eg brødet i jerngryte. Det blir rundt med sprø fantastisk skorpe. Rundstykkene vert rustikke og kvardagsbrødet steiker eg i former.

    Som Schakenda seier, tid er ein av dei viktigaste ingrediensane. Ikkje tida du brukar, men tida du faktisk kan bruke på andre ting.

    Her kjem første oppskrift:
    300 gr kveitemjøl
    200 gr byggmjøl
    1/4 ts tørrgjær
    salt etter smak
    400 gr lunka vatn

    Bland det tørre og ha i væska. La deigen stå, 12 - 24 timar.

    Kvelv deigen ut på benken, ha eit godt lag med mjøl under. Brett den saman med ei bakeskrape 4 - 6 gonger og dekk den med bakebollen eller fukta kjøkkenhandkle.

    Hev i 2 timar. Når det er 30 min igjen sett ovnen på 250 grader. Sett ei jern- eller leirgryte i ovnen med lokket på. Ta gryta ut or ovnen når ovnen er varm. Dryss med litt mjøl og kvelv deigen oppi. Steik med lokk i 30 min, ta av lokket og senk tempraturen til 230 grade. Steik videre i ca 15 min.
    Avkjøl på rist


    Her dobbla eg oppskrifta og steikte i stor jerngryte. Serverte det rykande varmt med godt smør, til grønn ertesuppe med svineknoke.

    tirsdag 10. januar 2012

    Bollekake



    Kaka som er så god at ein ikkje får tatt bilde før halve er borte.

    Vi lagar gjærdeig. Problemet er at vi ikkje har eksakt oppskrift, men den er omtrent slik:
    50 gr smør
    5 dl vatn eller melk
    1pk tørrgjær
    1/2 dl kruskakli
    1 dl sammal kveite
    Kveitemjøl til passe deig.

    Lag litt laus deig, du kan justere når du bakar den ut. Laus deig gir fantastiske bollar. Og med smør på henden klissar det ikkje.
    Hev til dobbel størrelse.

    Smelt smør i ein liten bolle, og bland brunt sukker og kanel i ein anna.
    Dra av små deigklumpar på størrelse med golfballar og dypp dei først i smøret så i sukker og kanel blandinga. Legg dei tett i ei kakeform. Lagar du mindre klumpar passar det med tre i ei muffinsform.




    Hev IGJEN, og steik på 220 grader midt i ovnen. "Muffinsen er ferdig etter 12-15 min. Bollekaka må du sjekke med kakepinne etter 20-25 min.
    Så kjem KJEMPESMELLEN!!!! NAM :O)

    søndag 8. januar 2012

    Wok med karrisaus



    Det er viktig å halde ei stram linje så lenge ein maktar. Fyrste veka av 2012 er bestått med glans, -ingen kjempesmell! Hovudsakleg fordi det på ein av årets fyrste dagar vart handla kraftig inn, i namnet åt den SUNNE. Kyllingfilet, brokkoli, gulrøter... you name it. Reknar med du klarar å velgje grønsaker og kjøt sjølv, men her kjem i alle fall ei smeisande god oppskrift på ein enkel wok-saus med karri.






    Du treng:

    • 3 dl vatn + 1 terning hønsebuljong som du kokar opp
    • 1 ss Ketjap Manis eller Kikoman soyasaus
    • 2 ss Chili & Garlic sauce frå Blue Dragon (1 ss er nok for dei som ikkje er glad i sterk mat!)
    • nokre gode dryss med karri
    • 1 ss maizena+ litt vatn som du heller langsomt oppi mens du rører
    La sausen koke 5-10 minutt.

    Så kan du starte wokinga, sausen er klar til å bli ausa over. NAM!